tirsdag 8. mars 2016

KVINNEDAGEN 2016

Onsdag 2.mars la Jorun Larsen ut ein søknad på facebook etter
ekte kvinner i alle aldrar og fasongar, der modige, flotte,
naturlege, tøffe, sarte, venlege, høge og lave kvinner
over 18 år vart invitert til å vera med.


Ideen om prosjektet kom faktisk same dagen,
og eg sa ja til å vera med,
så då kjørte me på med vårt smukke kreative samarbeid.
Ideen var å ta to bilde, eit naturleg, og eit med styling.


Allereie få timar etter søknaden var lagt ut,
hadde me fått fleire påmeldingar, og to dagar etter
måtte me faktisk setta ein stoppar for fleire.
Noko av søknadsteksten gjekk slik;

"Me vil visa at du er vakker både med og utan sminke. DU er vakker som
DEG.
Ved å delta er du med på å setja fokus på dette. Ein er meir enn god
nok.
Me vil visa at idealkroppen er den kroppen som ein er fødd med, og som ein
lever i.
Den som er med på våre opp- og nedturar, livet igjennom.

DU har ein idealkropp. Fordi du har ein kropp."


Deretter var det klart for å bretta opp armane
og ta i mot desse vakre kvinnene. Dei var så inderleg
opne, modige, herlege, sprudlande og flotte.
Det var like mange grunnar til at dei meldte seg på,
som det var personar innom.


Mellom anna det å føla seg fin og feminin.
Å bevisa for seg sjølv at ein er flott som ein er.
Fleire ville utfordra seg sjølv, og fleire ønskte større fokus
på det som er ekte - slik at våre born, våre døtre,
kan sjå at dei også er plenty gode nok som dei er.
Altså vera gode rollemodellar.
Spiseforstyrrelse, dårleg sjølvbilete, og det
å våga seg utanføre komfortsonen var andre grunnar.
Temmeleg sterkt å høyra historiene til dei som var innom.
Det var også spesielt å registrera at alle vart meir
sikre i seg sjølv med sminke og oppsett hår.


Bakgrunnen for ideen med dette prosjektet er
at ein framleis stort sett dagleg får presentert bilde av kvinner
som er modellar, som gjerne blir retusjerte... og på sosiale medie legg
me berre ut den selfien som vart best etter tjue forsøk.
Dersom ein ikkje ser ut som ein sjølv ønskar,
kan ein - som Jorun sa til lokalavisa Grenda, - bli lei seg.
Men ein skal ikkje vera trist for utsjånaden sin. Den kroppen me har
skal me faktisk setta pris på, vera glad i, bry oss om, og vera stolt av.


Til saman var me åtte kvinner. Heilt normale.
Og fy søren så flotte.










 
 


*


Gratulerer med dagen kvinne.
Jøss, DU er vakker!

-Klems Diana-

Styling ByDianaOusdal
Foto www.hildringdesign.no


4 kommentarer:

Tusen takk for alle kommentarer, både ris og ros :) Håper du har hatt eit hyggelig besøk på bloggen min, kom gjerne igjenn :)
Har dessverre måttet lage ordbekreftelse på bloggen etter jeg mottar opptil 60 spams hver dag :( håper dere tar dere tid til en kommentar og to fordet! :)